|
Nyheter:
14.09.08: Søndag 14.september arrangerte det britiske judoforbundet British Open Kata. I år deltok det et større spekter fra Europa. Tyskere og Nederlendere var tydelig tilstede. Kristoffer Åmodt og Øystein Garfors stakk av med 3. plass i Katame-No-Kata. Les meir her.
Mai 2008: Årets Kata-EM ble arrangert på Malta, som ligger så langt sør du kan komme i Europa. Fantastisk innsats og flott plassering til Norge Les meir her.
13.04.08: FørdeCup 2008 - Førde Cup er første eldprøva for mange av nybyrjarane våre. Nokre av deltakarar i barneklassa har ikkje trent meir enn nokre få månader, og det er veldig kjekt å sjå at dei allereie er så ivrige at dei vert med fortel Kristoffer Åmodt som er arrangør og leiar i Førde Judoklubb. I alt var 32 born og vel 20 ungdom og vaksne med på morroa på Flatane Skule. Sjå bilete frå stemnet her
23.01.08: Sunnfjordingar på Judo landslaget Øystein Garfors og Kristoffer Åmot kvalifiserte seg i helga til plass på det norske landslaget i judo. Sunnfjordingane får den internasjonale debuten under Europameisterskapen på Malta seinare i vår, og er første frå fylket som er kvalifisert til den europeiske judo-meisterskapen.
- Vi er vel dei første som er med der, så det er ei stor ære... Les meir her (frå nrk s&fj)
10.12.07: Kristoffer tok 3. Dan! Kristoffer Åmodt frå Førde Judoklubb overbeviste teknisk komité i Noregs Judoforbund under helgas forbundsgradering i Fredrikstad. Kristoffer fekk skryt over svært god flyt i teknikkane sine, i tillegg til merknad om at kataene var dei beste teknisk komité hadde sett sidan dei tok over sommaren 2006. Med tredje grad svart belte i Judo er han den høgst graderte utøvaren frå Sogn og Fjordane nokosinne. På landsbasis er det kun 13 personar som har oppnådd høgre beltegrad sidan judo vart introdusert i Noreg i 1960.
24.11.07: Førde henta heim 13 medaljar: Det er svært sjeldan at alle som stiller i konkurranse kan ta med seg medalje heim, men det skjedde i helga då Førde Judoklubb vitja opent KM for Møre og Romsdal i Volda. Det var møtt opp om lag 60 deltakarar på stevnet. Førde Judoklubb stilte med 10 deltakarar, 8 av desse i born og ungdom, medan 2 i seniorklassane. Vi gler oss til neste stevne.
|